Travle tider for julematprodusent
Ved Ole Ringdal AS på Hellesylt jobbar 90 tilsette på spreng for å få unna alle bestillingane som kjem inn no føre jul. Dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal er godt nøgd med julehandelen så langt.
-Det går unna og vi produserer for fullt. Tilførslene av lam har auka , men vi skulle gjerne hatt enno meir å produsere av, vi har god slaktekapasitet, seier dagleg leiar Ole A. Ringdal ved den medaljesankande hjørnesteinsbedrifta på Hellesylt.
Fire veker før jul blir det jobba på spreng på pakkeriet for å få unna alle bestillingane av julemat. Også i år er det varer av topp kvalitet som blir sendt ut til kundar. Nyleg deltok bedrifta i NM i julemat og kom heim med edelt metall i gull og bronse. Det kling frå metallet når dagleg leiar henta fram medaljefangsten, gullmedalja for bacon terningar og tre bronsemedaljer for Ringdal mør kokt, Dansk rull og Ferdigsteikt svineribbe.
Og sjølvsagt har dei høgthengande utmerkingane blitt feira i kantina med kaffi og marsipankake for alle tilsette, ein arbeidstokk Ole Arnstein Ringdal omtalar med mange superlativa.
–Bedrifta sine ansatte er den viktigaste ressursen vår. Her på huset er det eit voldsamt kjør kvar dag, for vi lagar varer som er populære ute hos kundane. Men alle er dyktige folk som står på og gjer sitt beste for bedrifta, noko vi er glade for-.
I samtalen kjem vi tilbake til dei fire vareslaga som vart premierte under NM julemat der rundt 100 bedrifter frå heile landet var representert.
Bacon terningar var uslåeleg i den skarpe konkurransen. Produktet fekk hundre poeng av hundre moglege der ein skarpskodd jurye av kokkar og andre fagfolk uttala; Passe salt, flott produkt, møyrt, bra råvare, utsjånad, snitt og ytre finish.
Ole Arnstein Ringdal fortel at Bacon terningar er laga av svinekjøtt, røykt med bøkeflis etter gamal tradisjon som gjev veldig god røyksmak.
Bedrifta sitt flaggskip på pølse er Ringdal mør kokt som fekk bronsemedalje. Den har sitt opphav heilt tilbake til då Ole Ringdal AS vart starta og har alltid selt godt. Og framleis blir same oppskrift brukt i dag med heile 86 prosent storfe og fårekjøt. Bedrifta leverer Ringdal mør kokt til stort sett heile landet, dei siste åra også til Østlandet og no i år Bergens-området.
Dansk rull er også ei kjent vare og størst på påleggssida hos Ole Ringdal AS. Pålegget er laga av svin og storfe og fekk bronsemedalje i julematkonkurransen.
Same valør vart det på det fjerde produktet, Svineribbe ferdigsteikt. Salta, pepra, saftig og møyr. Laga av svineside og ferdig, det er berre å varme i omnen og maten er servert, seier vår omvisar på julematfabrikken, Ole Arnstein Ringdal.
At det er travle dagar fekk vi fort eit inntrykk av under besøket vårt. Nesten så vi tenkte at vi hefta vekk dyrebar arbeidstid. Mange telefonar vart besvart under vegs, og då vårt halvtime lange besøk var over venta kundar og femten ubesvarte telefonar på dagleg leiar, Ole Arnstein Ringdal.