Vardejuvet forsinka

Utviding av vegen forbi Vardejuvet i Berga i Sunnylvsbygda er forsinka. Sjukdom har stansa planleggingsarbeidet.
-Inn til vidare er det ikkje noko nytt angåande den planlagde utvidinga av fylkesveg 80 i Berga mellom Frøysa og Hole. Det er omkøyringsveg for å løyse trafikale problem som må vurderast nærare. Som kjent vart synfaringa 22. oktober av den gamle kløvvegen saman med representantar frå kulturavdelinga på fylket avlyst grunna sjukdom, og seinare har også meir sjukdom gjort at planlegginga har stoppa opp, seier Arne Leikanger i Statens Vegvesen.
Leikanger trur planlegginga vil vere i gong igjen om kort tid, for arbeidet med utviding av vegen ved Vardejuvet er ikkje skrinlagt, seier han.