Vinterhelg på Hellesylt

"Vinterdagar på Hellesylt" blir avslutta med lysmesse i Sunnylven kyrkje. Ei opplevingsrik helg for både store og små.

«Vinterdagar på Hellesylt» blir avslutta med lysmesse i Sunnylven kyrkje. Ei opplevingsrik helg for både store og små.

Fire veker før jul er det «Vinterdagar på Hellesylt». Då skjer det utruleg mykje både laurdag og søndag i tettstaden innerst i Sunnylvsfjorden.

Siste helg i november blir det opplevingsrik helg på Hellesylt og det kan bli knapt med tid om ein ønskjer å få med seg alt som skjer på laurdag og søndag. Vi har prøva å lage ein oversikt over tilboda ein kan møte om ein tek turen til Hellesylt denne helga.

LAURDAG 28. november:

Julemesse på samfunnshuset: For åttande år på rad blir det julemesse på Sunnylven samfunnshus, i år med Sunnylven bygdekvinnelag som arrangør. Til no er det påmeldt deltakarar med eit variert utval salsprodukt, som heimebaka lefse, Strandabakelse, andre julekaker, foto, ullprodukt, lappeteknikk, pels/strikk m. m., tupperware, Jul på Sunnmøre, poteter og kålrot og ting frå elevbedrifter ved Sunnylven skule. Det blir sal av kaffi, kaker og julegraut under salsmessa som varer frå kl. 11.00 til 16.00 laurdag.

Hellesylt Boutique & Bar: Kaffibaren i den gamle bokhandelen på Hellesylt har vore under utviding og oppussing, men held førjuleope frå kl. 11.00 til kl. 18.00

Adventsstund på Sunnylven omsorgssenter: Sunnylven sanitetslag inviterer bebuarane og andre til adventsstund i daglegstova på omsorgssenteret frå kl. 15.30. Det blir servering av mat og kaffi, og Sunnylven skulekorps spelar juletonar.

Julebord på Peer Gynt Galleriet: Peer Gynt Galleriet arrangerer julebord frå kl. 19.30 med servering av topp kvalitet på julemat frå lokal bedrift, utvida skjenkeløyve og live musikk for danselystne.

SØNDAG 29. november.

Juletombola: På Sunnylven samfunnshus søndag 29. november har Sunnylven skulekorps sin årlege juletombola med 7-800 gevinstar. Her blir det også utstilling av årets pepperkakehus der tre «byggverk» blir premierte etter loddtrekning. Juletombolaen startar kl. 13.00 søndag og varer fram til kl. 15.15.

Hellesylt Boutique & Bar: Held førjulsope frå kl. 12.00 til kl. 18.00.

Tenning av julegrana i Hellesylt sentrum skjer kl. 15.15. Som alltid spelar Sunnylven skulekorps kjente og kjære juletonar ved tenning av julegrana på Hellesylt.

Lysmesse i Sunnylven kyrkje er kl. 16.00. Prest Stein Karstensen, organist Lars Kvam Karbø, konfirmantar,  og Joyful medverkar med song.

Lars Kvam Karbø hadde med poteter og kålrot frå Karbø gard i fjor. Slik også i år.

Lars Kvam Karbø hadde med poteter og kålrot frå Karbø gard i fjor. Slik også i år.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380