Dyrevelferd og nødslakt på bondekafe

Fredag inviterte Sunnylven Bondelag til Bondekafe på Peer Gynt Galleriet, Hellesylt. Der var det orientering om dyrevelferd, nødslakteordning og matsikkerheit.
Leiar i Sunnylven Bondelag, Peder Hellebostad kunne ønskje vel møtt til bønder frå både Sunnylven og Stranda på bondekafe fredag kveld. Tema på møtet var bestemmelsar kring dyrevelferd, nødslakt og matsikkerheit. Til stades på møtet var veterinærar som representerte Mattilsynet, Beate Lillebostad og Anne Stine Foldal Aam, og Niek Schreijer frå Indre Storfjord veterinærteneste.
Med matsikkerheit har det kome strenge reglar for nødslakt og utøving av ordninga. Årsaka til nødslakt er å ivareta dyrevelferd, at dyr ikkje skal lide, men ha det bra og bli til sunn mat. Alle nødslakt må vurderast av veterinær og ha utskriven nødslakteattest .
Veterinær Beate Lillebostad viste til bestemmelsar og orienterte om reglane som gjeld for dyrevelferd og naudslakt. Det er sett opp klare kriteriar for praktiserande veterinær for kva sjukdom eller i kva allmentilstand dyr skal vere i om dei skal slaktast som naudslakt, eller om dyret kan gå til matproduksjon eller kasserast. Konkrete tilfelle av naudslakt der veterinærattest blei kravd var mellom anna fødselvanskar, børframfall, speneskadar, beinbrot. Reglane gjev ikkje høve til skjønn.
Spørsmål om eit dyr er eigaren eller slakteriet sitt etter at det er kome på dyretransportbilen kom også opp. Her var ikkje synspunkta samanfallande, men i utgangspunktet er det dyreeigaren sitt til det er slakta, vart det svara.
På bondekafeen vart det vist til eksempel der dyr var blitt så skjerre på utmarksbeite at dei var uråd å få i hus om hausten. Om dei måtte skytast ute kunne dyret ikkje leverast til slakteri då det ikkje var undersøkt og utskrive naudslakteattest, men eigar kan bruke kjøtet sjølv . Mange dyreeigarar har fått rikeleg kjøt i frysaren etter kvart, vart det kommentert.