Ein vakker vinterdag

Ved "Bruene", inngangen til Sunnylvs-Moldskreddalen. (Foto: Anne-Cathrine S. Stadheim)
Ved «Bruene», inngangen til Sunnylvs-Moldskreddalen. (Foto: Anne-Cathrine S. Stadheim)

Etter snøfall natt til andre juledag klarna det opp. Det vart ein fin vinterdag som mange nytta til årets fyrste skitur.

Det kom ikkje dei store snømengdene i Sunnylven natt til andre juledag, men nok til at fleire leita fram ski og akebrett. Ut over dagen letta snøbygene, det vart nokre få kuldegrader og friske opplevingar i flotte vinternatur.

Moldskreddalen var eitt av turmåla. Der er no gått opp skiløype etter vegen heilt på Bygdastølen. Nok snø og ein tur som kan anbefalast, har vi fått oss fortalt.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380