Fekk fritak for eigedomsskatt

Under kommunestyremøtet onsdag 16. desember vart fleire eigedomar fritekne for eigedomsskatt i 2016.
Kommunestyre kan etter paragraf 7 i Eigedomsskattelova gje visse eigedomar, som stiftingar eller institusjonar som gagnar kommune, fylke eller stat, heilt eller delevis fritak av eigedomsskatt.
I Sunnylven fekk desse fritak;
*Sunnylvsbygda Grendalag
*Tronstad Grendahus
*Sunnylven gamle skule
*Sunnylven Idrottslag
*Sunnylven Skyttarlag, Hyttehola
*Sunnylven Indremisjon (Bedehuset, Hellesylt)
*Hellesylt Bygdetun
*Sunnylven kyrkjelydshus
*Sunnylvsbygda kristelege ungdomsforeining (Bergly)
Også ei rekke fjord- og fjellgardar, i alt 18 vart vedteke fritekne for eigedomsskatt.