Flytta Romjulsrennet / SBM-cup2 til Bjorli
På grunn av snømangel ved Skaret skisenter måtte arrangør Molde & Omegn IL flytte årets Romjulsrenn til Bjorli.
Romjulsrennet var også andre renn i Sparebanken Møre Cup 2015/2016. Rennet gjekk tredje juledag på Bjorli skulle gå med skibyte, klassisk / fristil, men vart endra til fristilrenn og klassevis fellesstart.
Sunnylven IL stilte med tre deltakarar, Inger Ringdal Sæter i J16 og systrene Kristine i J14 og Anniken Hjellbakk Hole i kvinner senior. Alle tre sanka med seg edelt metall heim frå trått føre og kald vind på Bjorli, Kristine vann, Inger og Anniken gjekk inn til kvar sin andre plass.
Tider og resultatliste kjem seinare.