Framleis «Unge sabotørar»

Forfattar av boka "Unge sabotørar" er Knut Frøysa til høgre, fotoredaktør Arne Inge Tryggestad, til venstre. Hovudkjelde til innhaldet er Åge Gjørvad.
Forfattar av boka «Unge sabotørar» er Knut Frøysa til høgre, fotoredaktør Arne Inge Tryggestad, til venstre. Hovudkjelde til innhaldet er Åge Gjørvad.

Boka «Unge sabotørar» kom ut i juli til Hellesyltdagane i år. Framleis er der bøker å få kjøpt frå fyrste opplag, ei flott gåve under juletreet.

I sommar kom «Unge sabotørar» ut, ei bok om minner og opplevingar gjennom krigsåra 1940 – 45, i hovudsak frå Hellesylt, men også frå dei nære nabobygdene.

Forfattar av boka er Knut Frøysa og fotoredaktør Arne Inge Tryggestad. Hovudkjelda og den som har fortalt mest av dei mange spanande og tildels dramatiske forteljingane i boka er Åge Gjørvad. Han var i tidleg skulealder då krigen kom til Hellesylt. Saman med jamgamle kameratar vart det planlagt mange «sabotasjeaksjonar» mot inntrengjarane, aksjonar dei knappast visste rekkefylja av og som kunne ha enda langt verre enn det gjorde. Mange opplevingar festa seg i minnet til unge gutar og som blir fortalt i boka, til dømes då soldaten tok ladegrep på pistolen for å få kveitebolle av bakaren.

Andre kjelder til boka har vore Jon Frøysa, Haldis Tryggestad Johansen, Hans Ljøen og Sigvald Volsæter.

Hefte vart til bok

Til Hellesyltdagane i juli i år hadde utgjevar Stranda Sogelag eit opplag på 400 bøker for sal. Mange skaffa seg boka til 298.- kroner,

Forfattar Knut Frøysa fortalde i intervju i sommar at i utgangspunktet skulle dei skrive eit hefte på storleik med sogelaget sine Bygdeminne, men etter kvart som dei jobba med stoffet vart det meir omfattande.

-Vi starta med arbeidstittelen «Frå hat til forsoning», dei fleste soldatane var utkommandert av ein gal diktator, så det var ein god arbeidstittel tykte eg. Men vegen blir til medan vi går, heiter det. Det enda med ei bok med både dramatiske og triste historier, men også morosame hendingar, fortalde Frøysa.

Rikt illustrert

På framsida av boka, som må reknast som ein lokalhistorisk eignalut er eit bilete av tyske soldatar fyrste dagen dei kom til Hellesylt mai 1940. På siste side er trykt eit bilete av ein hestesko, funne på Tronstad og brukt av ein av dei tyske bryggerhestane som «trava» mellom Hellesylt og Stryn. Bileta er to av fleire titals bilete som Arne Inge Tryggestad har leita fram frå eige arkiv, eller lånt av privatpersonar i Sunnylven og Stryn.

Boka «Unge sabotørar» er framleis i sal. Den kan kjøpast fleire stadar, på Stranda Bokhandel, Sparebanken Møre, Hellesylt, Trygg Trykk, Hellesylt, Boutique & Bar, Hellesylt, og av Åge Gjørvad.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380