Gleda med Glade jul

SFO var på besøk til Sunnylven omsorgssenter fredag. (Foto: Jan Erik Øksvang.)
SFO var på besøk til Sunnylven omsorgssenter fredag. (Foto: Jan Erik Øksvang.)

Fredag var sju born og leiar frå SFO ved Sunnylven skule på førjulsbesøk til omsorgssenteret.

Det vart eit triveleg besøk på Sunnylven omsorgssenter fredag. Der dukka uventa sju born og leiar frå SFO ved Sunnylven skule opp. Smilande toga dei inn i daglegstova og framførte litt gla`song. Og sjølvsagt var det Glade jul dei underheldt med, knappe to veker før julaftan.

Det vart mandarin som betaling på alle før dei heldt fram besøket opp i både andre og tredje høgda. Med på besøket var; Sander, Isabella, Kristen, Siv-Anita, Oskar, Adrian, Ingeborg og leiar var Karl-Martin Furset.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380