God påmelding til julequiz
Mange vil på julequiz på Peer Gynt Galleriet 4. juledag. Tysdag 22. desember var halvparten av plassane påtinga.
Det ringer stadig i telefonen, fortel Arild Ringdal som tek mot påmelding til julequiz på Peer Gynt Galleriet måndag 28. desember. Framleis er der plass, men mykje tyder på at det blir fullt hus. Så ikkje vent med å ringe mob. 906 82 399 for påmelding, inntil seks på kvart lag og pris kr. 100.- pr. person, opplyser quizmaster Ringdal.
Arild Ringdal blir å treffe på Coop, Hellesylt onsdag 23. desember mellom kl. 12.00 – 14.00. Han håper dei fleste kan hentar billettar då.