Lokalnytt

I opplag ved Hellesylt kai

Olympic Ares ved Hellesylt kai fredag kveld.
Olympic Ares ved Hellesylt kai fredag kveld.

Fredag kveld 4. desember la Olympic Ares, eit skip konstruert for oljeverksemd, til ved Hellesylt kai.

Olympic Ares er eit av fleire skip som går i opplag grunna redusert aktivitet innan oljenæringa. Kor lenge det blir ved Hellesylt kai er usikkert. Subsea-skipet som er innreidd for 102 personar vart døypt i Geirangerfjorden 26. september 2013, same år som skipet vart overlevert frå Kleven Verft, Ulsteinvik til Olympic Shipping AS, Fosnavåg.

Fredag 4. desember la det til ved Hellesylt kai med eit mannskap på vel tjue. Hamnesjef Rita Berstad Maraak bekreftar at Stranda Hamnevesen KF har tilvist plass ved Hellesylt kai for skipet. Kor lenge er uvisst, men trossene blir i alle høve løyste før cruisebåttrafikken startar i april/mai. Litt inntekter blir det også, men dei er minimale, seier Rita Berstad Maraak som synest det er trasig at ei heil maritim næring er kome i vanskar og at skip må i opplag.

Båt 3

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380