Inviterte til adventsstund

Heimen 1

Sunnylven sanitetslag var som vanleg vertskap då bebuarane ved Sunnylven omsorgssenter vart invitert til adventsstund 5. desember.

Mange av bebuarane samla seg til adventsstund i ei julepynta storstove ved Sunnylven omsorgssenter laurdag. Der vart det servert av det beste sanitetslaget kunne skaffe fram av mat og drikke, både smørbrød med godt pålegg og bløtkake. I tillegg var det innslag med vakker song og musikk, unge Inger Ringdal Sæter hadde med songar knytte mot julehøgtida og Erik Torset akkompagnerte på gitar.

Under samlinga overrekte leiar Kari Hauso Stadheim ei pengegåve frå sanitetslaget som skulle gå til aktivitetsopplegg for bebuarane ved Sunnylven omsorgssenter. Ei gild ettermiddagsstund for mange.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380