Juleavslutning ved skulen

Fyrste og andre klasse framførte juleevangeliet og song fleire julesongar

Fyrste og andre klasse framførte juleevangeliet og song fleire julesongar

Torsdag kveld var det juleavslutning ved Sunnylven skule. Eit par kveldstimar med program frå flinke elevar avslutta med song og gong kring juletreet.

Rektor Torje Bjørneset var programleiar og fortalde frå skuleåret gjennom siste haust. Elevane ved skulen hadde delteke på mykje også utanom klasseromma, frå dei yngste klassestega som har vore med på innsamlingar til fattige born i andre land, delteke i «Bli med»-dansen som hellesylt.info hadde opptak av, til tur i Kjellstaddalen.

Dei eldre elevane hadde delteke i prosjekt «Kurlå» med rydding av skog kring den vesle buplassen og hadde hatt det som prosjektoppgåve innan fleire lærefelt, matematikk, historie og naturfag mellom anna.

Og i september fekk heile skulen tur med turistferja Veøy frå Hellesylt til Geiranger og tilbake med omvising, mellom anna i styrhuset hos kapteinen.

Jukleavslutninga vart fyrst og fremst ei fin kveldsstund med gode programinnslag. Fleire av klassetrinna hadde laga flotte programinnslag med både treffande og morosame kommentar. At skulen er ein utklekkingsstad for song og musikk fekk vi også nye prov på, og takk for det. Men også andre gode poeng vart servert, som ein lokal vri 10. klasse stod for med Bonderomantikk og «Jakten på kjærleiken på Hellesylt».

Det var Sunnylven skulekorps som opna festen med to nummer og deretter kom fyrste og andre klasse på scena i sine kvite kapper med ljos i hendene. På nytt fekk vi høyre juleevangeliet og fine julesongar frå fjorten unge og lite nervøse elevar.

3 og 4. klasse var to fleire og presenterte eit fartsfylt show, både verbalt og vokalt. Mot slutten kom ein vakker song med tekst om Josef og Maria som venta ein liten gut, og om fred på jord.

Foreldre, besteforeldre og andre som fylte gymmsalen på skulen fekk til slutt høyre musikkskulen under leiing av Marianne Hafsås frå kulturskulen i Stranda i tre songar med varierande instrumentering.

Rektor Torje Bjørneset runda av med å takke personalet ved skulen som jobbar knallhardt og la ned ein stor innsats, han trekte fram reinhaldarane som let det skine i romma sjølv om det er eit gamalt bygg, og han takka vaktmeisteren som for god jobb.

Juleavslutninga vart runda av med song og gong kring juletreet og med servering, ordna av FAU ved Sunnylven skule.

3. og 4. klasse hadde eit fartsfylt innslag med både song og gode repli.

3. og 4. klasse hadde eit fartsfylt innslag med både song og gode replikkar.

Her blir Bonderomantikk på Hellesylt avsløra.

Her blir Bonderomantikk på Hellesylt avsløra.

Sunnylven skulekorps vart leia av Wenche Høgalmen Ringdal.

Sunnylven skulekorps vart leia av Wenche Høgalmen Ringdal.

Ei gruppe jenter, frå leia ann i songen under gong kring juletreet, med Bjarne Sjåstad ved pianoet.

Ei gruppe jenter leia songen under gong kring juletreet, med Bjarne Sjåstad ved pianoet.

Musikkskulen avslutta programmet under juleavslutninga ved Sunnylven skule

Musikkskulen avslutta programmet under juleavslutninga ved Sunnylven skule

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380