
Onsdag hadde Sunnylven Pensjonistlag si siste samling i år. Då var det julebord for medlemane på Sunnylven kyrkjelydshus.
Sunnylven Pensjonistlag er i medgang. Medlemstalet har auka frå 60 – 70 til over hundre i år. Fleire unge pensjonistar har meldet seg inn og for at også dei skulle få vere med vart klokkeslettet for julebordet flytta til klokka 16.00 i år.
Triveleg
Rundt 70 kom til kyrkjelydshuset der alt var på stell med julepynta sal og bord, mat, drikke, lotteri og underhaldning. Og musikantane, «firkløveret» Halvards kvartett drog i veg med den eine etter andre melodien frå gamle noteark. Humør og stemning vart god alt ved fyrste innsteg i festsalen.
Leiar i Sunnylven Pensjonistlag Astrid Langeland ønska vel møtt og minte om at det berre var 22 dagar igjen til julaftan. -Dei fyrste adventslys er tente for oss, for dei som gruer seg til jul , for ei usikker verd og for ei betre framtid for mange.
Verdt eit medlemskap
Musikarane Halvards trio var hyra inn og hadde blitt til fire denne dagen. Knut Hanssen på gitar og vokal, Halvard Urke trekkspel, Oddmund Espe på bass var utvida med Bjarne Nordsletten frå Volda på slagverk. Det vart musikk og song i fleire bolkar og repertoaret varierte frå «Julekveldsvisa» og allsong «Eg er så glad kvar julekveld», til «Rosa på ball» og «Gitarboogie».
På det lange matbordet fann dei frammøtte pinnekjøt, pølse, poteter, ribbe, surkål og kålrotstappe. Og om magen hadde plass til meir etter ein og to rundar, så hadde også dessertbordet mykje godt å by på. Fantastisk godt og flott, berre dette gildet var verd meir enn medlemskontingenten.
Ærespensjonist
Før det store åresleppet av laget sine nylaga lotteriårar og trekning av mange gevinstar frå lokalt næringsliv og private, las Inghild Storstein ei forteljing frå boka «Den gamle Sunnmørsjula» av Sissel Brunstad. Juleforteljinga var sett på trykk etter Marie Ramstad og heitte «Klokkene frå Betlehem».
Og då det gilde julebordet nærma seg slutt var det tid for å dele ut litt heider, utnemne ein «Ærespensjonist». Den tittelen gjekk til Knut J. Tryggestad for innsatsen hans i produksjon av nye lotteriårar. Heile 453 stykke hadde han klargjort for pussing og påteikning av tal, vart opplyst. Som takk fekk han både gode ord, ei spesiallaga stor lotteriåre, ein spaserstokk med inskripsjon «Tia går og vi går me», og i tillegg ei blomster. Ei utmerking den tidlegare leiaren av Sunnylven Pensjonistlag takka så mykje for.



