Julemusikk frå nissekorpset
Laurdag fekk mange på Hellesylt høyre Sunnylven skulekorps spele julesongar igjen, fyrst på Coop og deretter Joker.
Sunnylven skulekorps har øvd godt og førebudd seg til julekonsert i Sunnylven kyrkje søndag 13. desember. –Blir det som på øving trur eg mange vil få seg ei gledeleg overrasking, sa dirigent Trond Otto Berg laurdag. Han og korpset kom frå ei to timar lang øving i kyrkja.
Etter julegraut på skulen var korps og dirigent klare for minikonsertar med julemusikk på dei to daglegvarebutikkane på Hellesylt. Tradisjonen tru stilte alle i nisseluer og andre fargeglade kledeplagg. Det var eit nissekorps som sette stemning på Hellesylt med kjende og kjære juletonar midt i desember, både på Coop og etterpå ved Joker. Mange var til stades på begge butikkar og fekk oppleve det trivelege innslaget.
Søndag kveld blir Sunnylven skulekorps å høyre under den årvisse julekonserten i Sunnylven kyrkje klokka 20.00, saman med andre gode song og musikkrefter.