Kraftverkprosjekt og linjetrase på høyring
Fire kraftutbyggingsprosjekt i Stranda og nettsaka om ny linje Tomasgard – Tryggestad blir lagt ut på høyring i løpet av nær framtid.
Overingeniør ved konsesjonsavdelinga for småkraftverk i NVE, Brit Torill Haugen opplyser at fire søknader om konsesjon for kraftutbygging i Stranda kommune har vore til behandling og at det er rett før desse kjem på høyring. Mest sannsynleg i neste veke (veke 50) eller veka etter der.
Også linjetrase på høyring
Overingeniør Haugen opplyser vidare at småkraftsakene vil vere på høyring saman med nettsaka om oppgradering / ny kraftledningstrase mellom Tomasgard og Tryggestad.
Det vil bli arrangert folkemøte i løpet av høyringsperioden. Dato er ikkje bestemt enda, men det vil bli på nyåret ein gong. Dette vil bli kunngjort i eiga kunngjering, skriv overingeniør Brit T. Haugen.
Fire kraftverk
Dei fire kraftverka der planane for utbygging skal ut på høyring er;
Storfossen minikraftverk, Geiranger, produksjon 5.60 GWh
Langedalselva kraftverk, Sunnylven, produksjon 20.40 GWh
Hauge kraftverk, Sunnylven produksjon 15.50 GWh
Røyrhus kraftverk, Sunnylven , produksjon 6.95 GWh