Lokalnytt

Laga pynt og julebakst

Julejobb 1

Det vart ein dag med mykje god julebakst og mykje fint julepynt på Sunnylven omsorgssenter fredag.

Daglegstova på Sunnylven omsorgssenter var gjort om til bakeri og «julenissen» sin verkstad fredag. Det var tid for å bake og lage julepynt saman med bebuarane på heimen, meinte fem unge damer av dei tilsette.

Rebekka Ringdal var planleggaren av juleverkstaden vår fortel to av dei tilsette, Helene Hole og Anne Lise Lødøen Helset då vi stakk innom Sunnylven omsorgssenter etter at steikeomnen var blitt kald og daglegstova rydda. Saman med Rebekka Ringdal, Lill Susann Hole og Ellinor Fivelsstad var det stor aktivitet i fleire timar fredag saman med 12 – 15 bebuarar der det gjekk på baking av julemann og peparkaker, pynting av peparkakehus og laging av fargerike julelenker og anna julepynt.

-Det var så kjekt, og vi trur bebuarane også tykte det var artig å halde på. Under vegs serverte vi og kosa oss med gløgg med rosiner i. Vi delte oss i to grupper der eine gruppa laga julepynt og andre baka, og så bytte vi etter ei stund.  Det vart mange fulle kakeboksar så no har vi julebakst i alle fall over jul for alle på heimen. Og vi unngjekk dei store bakeuhella også, berre eitt brett med tre peparkaker vart litt i meste lag steikte, avslører Helene og Anne Lise som rosar alle som var med på juleverkstaden. – Ein ivrige gjeng som jobba på og laga mykje fint og godt, seier dei.

Og vi spør om det blir ny juleverkstad neste år? Jau, alle kosa seg og tykte det var kjekt så det må det bli!

Alle foto: Jan Erik Øksvang

Julejobb 2

Julejobb 3

Julejobb 4

Julejobb 5

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380