Laurdag i Gamleskulen
Laurdag var det høve til innsteg og kjøp av kaffi, kaker og vaflar i Gamleskulen på Hellesylt. 60 store og små nytta seg av tilbodet.
Leiinga i Gamleskulen Aktivitetsmuseum hadde bestemt seg for å opne døra inn til gamleskulen laurdag. Dei mange som stakk innom i løpet av tre timar kom til ei lun og varm skulestove. I skulestova er den store vedomnen nyrestaurert og laurdag stråla den frå seg god varme. I tillegg til kaffi, kaker og saft gjekk vaflar unna like fort som dei vart produsert. Salet dekte alle utgifter til lys og straumkabel til juletreet ved Gamleskulen.
Laurdag kunne dei fammøtte også sjå og blade i gamle julehefte som var lagt ut over på pultane, og Roar Ljøen hadde hengd opp eit 50-talls gamle julekort frå mellom 1910 til 1950. Under vegs tok han like godt lærarrolla med peikestokk og fortalde litt om korta. Motiva var nasjonale og varierte frå hus og skog, fuglar og hestar med slede, julegran, og til to kort måla av Kjell Aukrust som i dag har ein samlarverdi på nær 500.- kroner kvar, sa Ljøen.