Lokalnytt

Nesten ein nisseverkstad

Nikoline, Johannes og Isak viser fram "juletre" dei har laga.
Nikoline, Johannes og Isak viser fram «juletre» dei har laga.

To veker før jul var heile skuledagen avsett til juleverkstad for elevane ved Sunnylven skule. Då kom jula for alvor inn i klasseromma.

Frå tidleg morgon av var rundt 80 elevar med lærarar og slekningar av elevane i sving med å lage kreative og fargeglade juledekorasjonar. På vår runde gjennom heile skulebygget møtte vi humør, trott og skaparlyst. Vi vart imponert over det vi såg så når elevane kjem heim med det dei laga, då sig nok jule inn også rundt om i heimane.

Det gjekk på bruk av saks, lim, fargar, materiale frå naturen sin vegitasjon og mykje anna. Og etter timar med jobbing på fargerike juledekorasjonar og anna julepynt, støyping av julelys og bygging av «juletre» var det tid for pause og eit godt måltid med næringsrett mat med sunt pålegg.

I den minste av salane i samfunnshuset hadde «dame-laget» frå Sunnylven sanitetslag tradisjonen tru dekka på til alle elevar og lærarar ved Sunnylven skule. Der kom god mat og drikke på bordet, påsmurde brødskiver med brunost, kvitost og fårepølse, og med kakao og kaffi til drikke. Også store fat med frukt var det berre å forsyne seg frå, alt spander av Sunnylven sanitetslag. Rektor Torje Bjørneset takka vertskapet for at dei hadde stelt i stand det hyggelege og velsmakande måltidet nok ein gong, noko alle kring borda slutta seg til gjennom god og lang applaus.

Deretter var det tilbake til klasseromma og juleverkstad for elevar og hjelparar, og ryddejobb for dei sju damene frå sanitetslaget.

I arbeid på snikkarverkstaden, frå venstre Ørjan, Maria, Inger, Sina og Siv Anita
I arbeid på snikkarverkstaden, frå venstre Ørjan, Maria, Inger, Sina og Siv Anita.
Her blir det støypt julelys, frå venstre Lone, Viktor, Mats og Ørjan.
Her blir det støypt julelys, frå venstre Lone, Viktor, Mats og Ørjan.
SAnitetsdamer som ordna mat og drikke, frå venstre Britt Hauge, Liv Hellebostad, Inghild Storstein, Kirsten Gjørvad, Sonja Hole Lillebø, Ruth Frøysa, Ruth Tronstad.
Sanitetsdamer som ordna mat og drikke, frå venstre Britt Hauge, Liv Hellebostad, Inghild Storstein, Kirsten Gjørvad, Sonja Hole Lillebø, Ruth Frøysa, Ruth Tronstad.
Anette t.v., Andrea, Maria og Loke laga julekransar og mykje anna fint julepynt.
Anette t.v., Andrea, Maria og Loke laga julekransar og mykje anna fint julepynt.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380