Lokalnytt

Nissefest i Bygdetunet fredag

Fredag inviterer fjøsnissane til fest på låven i Hellesylt Bygdetun.
Fredag inviterer fjøsnissane til fest på låven i Hellesylt Bygdetun.

Når det nærmar seg jul dukkar nissen og familien hans opp i Hellesylt Bygdetun. I år skjer det igjen på fredag.

På fredag inviterer fjøsnissane til fest på låven i Hellesylt Bygdetun der det for fjerde år på rad blir servering, julesongar og  andre morosame innslag både for store og små..

Det var i 2012 at fjøsnissane inviterte til førjulsfest fyrste gong på låven i Hellesylt Bygdetun. Då møtte 24 store og små, men i åra etterpå har flokken auka mykje. I fjor var nær 70 innom og det vart trangt om plassen. Alle fekk oppleve mykje triveleg og håpa å få smake på nissegrauten. Det fekk dei, for nissane har store panner å koke i og til jul tek dei i bruk dei aller største, har vi fått oss fortalt.

Vi har fått eit skriv der nissefamilien stadfestar at uansett ver så blir det nissefest på låven i Bygdetunet fredag 11. desember. Låvedørene opnar i god tid før klokka 16.30. For dei som kjem med bil anbefalar nissen å parkere  ved Hellesylt Brannstasjon og gå råsa gjennom skogen til låven i Bygdetunet.

I skrivet heiter det  at det blir servering av varm julegløgg, nissegraut med smørauge, sukker, kanel og saft. Det blir høve til å hoppe i høyet for dei aller yngste, og det blir julesongar og kanskje andre kjekke innslag.

Betaling på nissefesten for graut og anna moro er kr. 50.- for vaksne og kr. 25.- for born. Og husk, ha gode varme klede, for det kan vere litt kjøleg på låven i Hellesylt Bygdetun.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380