Nissespeling og julekonsert

På Hellesylt blir det mykje song og musikk laurdag og søndag. Og i tillegg til gode handletilbod blir det høve til innsteg i Gamleskulen.
Laurdag kjem nissekorpset til Hellesylt. Store og små musikantar i nissedrakt blir å høyre i og ved både Coop (13.30) og Joker (14.00). Ta på nisselua og møt fram for å høyre og synge med i kjende, kjære julesongar.
Laurdag blir det i samband med nissespelinga også sal av restlodd frå juletombolaen til Sunnylven skulekorps. Fine gevinstar stod igjen etter tombolaen, men laurdag kan heldige loddkjøparar sikre seg dei. Leiinga i skulekorpset håper mange kjem for å høyre korpset spele og kjøper lodd.
Gamleskulen opnar.
Om det blir kaldt og vinterleg på Hellesylt laurdag kan ein ta turen innom Gamleskulen. Der blir det fyr i den store vedomnen og den varmar godt. I skulestova er det også i haust gjort nokre utbetringar, mellom anna er to «nye» fyllingsdører på plass. Gamleskulen opnar kl. 12.00 og har sal av kaffi og vafler.
Julekonsert i kyrkja.
Søndag kveld er det julekonsert i Sunnylven kyrkje. Der har gode song og musikkrefter gått saman og laga eit musikalsk høgdepunkt som mange bør få med seg no i førjulsstria. Deltakarar er Hellesylt songlag, Joyful, Sunnylven skulekorps, Felegruppa og deltakarar frå Kulturskulen.