Øcal pizzabar held ope

Øcal Pizzabar, Hellesylt.

Øcal Pizzabar, Hellesylt.

Øcal Pizzabar på Hellesylt har dagleg ope heile desember med varierte tilbod på menyen.

Tahir Øcal ønsker alle velkomne innom kafeen ved Hellesyltfossen no i desember. Han held ope kvar dag og har som vanleg eit variert matkart med god mat og drikke å by på. Øcal pizzabar er kjent for mellom anna velsmakande pizza i over tretti variantar av den italienske «nasjonalretten».

Men også anna for følsomme smakssansar er å finne på menyen, som grill, kebab og i desse tider norsk julemat av ymse slag. På bestilling tilbyr vi også juletallerken for grupper, seier Tahir Øcal.

Vi stakk innom dei julepynta lokala til ein kaffi like etter opning måndag for å få med oss opningstidene no i desember.

Frå måndag til og med torsdag , kl. 16.00 til kl. 22.00

Fredag, laurdag og søndag, kl. 12.00 til kl. 22.00

Ta turen innom Øcal Pizzabar på Hellesylt til mykje godt frå hyggeleg vertskap.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380