LokalnyttUkategorisert

Rundar eitt år

Kake A

Nettstaden hellesylt.info kom på «lufta» 15. desember 2014 og rundar i dag eitt år.

Det er selskapet SunnylvenNytt AS som står bak nettstaden hellesylt.info. -Formålet til selskapet er presentasjon av nyhende frå Hellesylt og Sunnylven. I tillegg informasjon om/frå lag og foreiningar i bygdelaget, sal av reklameplass og det som naturleg følgjer av dette-, heiter det i selskapet sine vedtekter.

Gjennom året som er gått har hellesylt.info omtala 782 små og store saker, frå sport, næringsliv, reiseliv, kultur, opplevingar og anna, i hovudsak frå Sunnylven. Som ein forstår skjer det mykje også i små bygder om ein er til stades og ser det.

Lesarane av hellesylt.info er registrert frå mange land og alle verdsdelar. Nettstaden har blitt «eit brev heimanfrå», heiter det i tilbakemeldingar.

I 2015 er det registrert 447262 treff fram til 15. desember, eller rundt 1250 kvar dag. Rekordbesøket vart notert under Hellesyltdagane 6. juli med 4405 treff.

Aller mest besøkt er webkamera med 14000, og andre saker med godt over tusen treff har vore;

*Bonde frå Hellesylt i «God morgon Norge»

*I opplag ved Hellesylt kai

*Handla go`mat frå Ole Ringdal AS

*Opna kaffibar på Hellesylt

*Har starta El-sykkelutleige på Hellesylt

I tillegg til aktivitetskalendar der oppføringar inntil 25 pr. år er gratis, har hellesylt.info eiga facebook-side der alle saker blir lagde ut. Det nærmar seg 600 likar på sida.

SunnylvenNytt AS og hellesylt.info tek gjerne mot tilbakemeldingar på det som kan gjere nettstaden enno betre, og tips om nyhendestoff. Og husk, meld frå om arrangement til aktivitetskalendaren.

hellesylt.info har eigen logo, designa av Eivind Louis Helset.
hellesylt.info har eigen logo, designa av Eivind Louis Helset.

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380