Siger i opningsrennet

Anniken Hjellbakk Hole, Sunnylven IL vann kvinneklassa på Bjorli. (Arkivfoto)

Anniken Hjellbakk Hole, Sunnylven IL vann kvinneklassa på Bjorli. (Foto frå arkivet)

Anniken Hjellbakk Hole, Sunnylven IL er tilbake i langrennsporet. Laurdag vann ho opningsrennet på Bjorli.

Anniken Hjellbakk Hole, Sunnylven IL sin beste kvinnelege langrennsløpar dei siste åra, er tilbake i løypa etter eit «kvileår». Under opningsrennet for Møre og Romsdal skikrets på Bjorli donka trenaren for Storfjordlangrenn ut alle sine elevar i kvinneklassa og vann senior kvinner, seks sekund føre Sigrid Ertesvåg, Emblem IL i kvinner 18 år. Ertesvåg var igjen 10.0 sek føre klubbveninna Ingrid Nerem som hadde tredje beste tid.

Også Kristine Hjellbakk Hole, Sunnylven IL kom godt i gong med sesongen. Det vart andre plass 12.0 sek bak Guro Eline Vollan, Tomrefjord IL. Begge går i kvinner 14 år og utkjempa fleire jamne duellar sist sesong. Knivinga om øverste trinn på pallen held tydeleg vis fram også denne vinteren. Kanskje blir det plassbyte alt under romjulsrennet ved Skaret skisenter, Molde 27. desember.

Fullstendig resultatliste frå opningsrennet på Bjorli ligg på www.langrenn.com

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380