Skiskyttarar fann snø i Hornindal

Elias Helset, Sunnylven IL

Elias Helset, Sunnylven IL vann klasse G11 i sesongens fyrste skiskyttarrenn. (arkivfoto)

Volda Turn og Idrettslag var arrangør av krinsrenn i skiskyting 19. desember. Grunna snømangel på Reset vart rennet flytta til Hornindal.

 

I alt 90 løparar deltok under krins/dugnadsrennet i skiskyting ved Hornindal skisenter laurdag 19. desember, dei fleste frå Nordfjord. Sunnylven IL stilte med seks løparar og fekk klassesigrar til Elias Helset i G11, og Inger Ringdal Sæter i J16.

Grunna snømangel vart det ikkje gått strafferundar, men tillegg i tid for kvart bomskot med 15. sek til og med klasse 16 år, og 30. sek for dei over. Skiskyttargruppa i VTIL er tildelt to nye renn i skiskyting 2. og 3. januar.

Her er resultatliste.

Resultatliste Hornindal

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380