Søkjer om spelemidlar

Sunnylven Idrottslag og Sunnylven Skyttarlag har sendt inn søknad om spelemidlar til utbygginga av Hyttehola fleirbruksanlegg.

Utbygginga av Hyttehola fleirbruksanlegg omfattar fleire delbygg, mellom anna klubbhus med kjøkken og sanitæranlegg. Heile utbygginga er på 2.581.000.- kroner.

Ved revisjon av kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet 2016 – 2019 på møte 19. oktober kom klubbhus Sunnylven IL på 6. plass på lista, etter Utbetring Fjellbakken Liabygda og Ski Nordisk plan Hevsdalen. Aller fyrst står tre anlegg som er ferdig, men ikkje utbetalt spelemidlar til, Strandahallen, rehabilitering garderobe klubbhus Mona stadion, og kunstgrasbane 7-er Stranda stadion.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380