Song for Sancta-Lucia.

Her er 1. og 2. klasse på veg inn for å synge om Sancta Lucia for resten av elevar og lærarar ved Sunnylven skule.

Her er 1. og 2. klasse på veg inn for å synge om Sancta Lucia for resten av elevar og lærarar ved Sunnylven skule.

Det var stilfullt og nesten rørande vakkert då 1. og 2. klasse ved Sunnylven skule troppa opp i kvite kapper og med ljos både i hender og på hovudet torsdag. Dei song for Sancta-Lucia.

Som tradisjonen har blitt ved Sunnylven skule var det også i år markering av Lucia-dagen same dag som skulen hadde juleverkstad. Og som vanleg var det 1. og 2. klasse som gleda i kvite kapper, med ljos og vakker song i prosesjon inn til matsalen og resten av elevar og lærarar ved skulen. I korger bar dei med seg lussekattar, baka på skulekjøkkenet og som alle fekk seg spandert.

Luciafeiringa er til minne om den sesilianske dama som døde som martyr for lenge sidan. I Norden blir det feira som Sancta-Lucia og som symbol på lyset i den mørkaste årstida. Songen som blir nytta på fødedagen til helgendama Lucia er alltid den same; «Svart senker natten seg i stall og stue, solen har gått sin vei, skyggene truer…»

Verkstad 7

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380