Sånkarlåra vann Jule-quizen

Sånkarlåra, eit lag med mange sauesankarar gjekk sigrande ut av Julequizen på Peer Gynt Galleriet. Like bak kom Under Kopen.
Det var stor interesse for Julequizen på Peer Gynt Galleriet 4. juledag. Heile 18 lag og til saman 105 deltakarar testa kunnskapar på spørsmål frå quizarane Arild Ringdal og Egil Røyrhus. At så mange som ein av seks sunnylvingar var til stades var arrangøren godt nøgd med.
Mindre nøgde var enkelte av dei unge deltakarane. Fleire av dei 50 spørsmåla var nok litt langt bak i tid for dei yngste, både om sport, politikk og andre samfunnsspørsmål om det ikkje interesserar spesielt og blir friska opp. Men alt i alt ein triveleg kveld med god stemning mellom Peer Gynt relieff i kunstgalleriet.
På vinnarlaget «Sånkarlåra» var desse med Ole Aasen, Trond Tryggestad, Vidar Even Leite, Jens Arve Forbord, Per Kjell Leite og Jo Endre Frøysadal. Vinnarlaget fekk 39 av i alt 55 poeng som var toppskår i konkurransen og 1000,- kroner i premie.
Her er dei beste i Julequiz 2015:
Sånkarlåra 39
Under Kopen 37
Oppunder Långhellja 35
Team Bonseye 32
Gode naboar 30
Åse & Co 29
Feriekameratane 29
Kjølt rødvin 28
