Lokalnytt

Stort og smått frå året som er gått, del 1.

På slutten av året ser vi tilbake på noko av det hellesylt.info har omtala i 2015. Det har blitt rundt 800 små og store saker som ein finn igjen lagra i arkivet.

Januar

Det vart ny suksess for HUL-teatret med skodespelet "Kona eller livet"
Det vart ny suksess for HUL-teatret med skodespelet «Kona eller livet»

I januar kom endeleg snøen og med det også Sunnylvscup på ski.

På Bjørdal vart det rydda i Holedalselva etter storflaumen eit par månader tidlegare, Geir Frøysa vart ny leiar i Hellesylt Ungdomslag etter Marianne Fivelstad, og på Stranda heldt Sparebanken Møre kurs i prosess kring bygging av småkraftverk.

På Hauge vart hjort merka med GPS-sendarar, elevar ved Sunnylven skule deltok i NRK sin klassequiz, og Inga Elise Vik gjekk eitt av sine beste renn og vart nr. 4 i Norgescup skiskyting.

HUL-teatret besøkte Storfjord kulturhus med skodespelet «Kona eller livet» som dei viste også ein tredje gong i Sunnylven samfunnshus.

Det vart bestemt at Sunnylven ikkje skulle stille herrelag i serieforball i 2015, men damelaget heldt fram samarbeidet med Stranda.

Februar

Året 2

Anita Langeland vart ny leiar i Sunnylven skulekorps etter Gunnhild Kvam, i Sunnylven Barnehage hadde dei sitt årlege karneval, og TINE kunne presentere eit godt driftsresultat på proodusentmøta.

Solfrid og Ivar Frøysadal vart til delt 20 års plakett for klassefri mjølk, ei utmerking som heng svært høgt.

Sparebanken Møre arrangerte Havlanddagar, og i februar vart det kjent at The Fjords overtok turistferjeruta mellom Hellesylt og Geiranger og auka takstane med 50 prosent.

Kristine Hjellbakk Hole viste seg fram som eitt av dei nye store talenta i langrenn i Sunnylven ILmeed mellom anna 15. plass i Ungdommens Holmenkollrenn, KM-tittel og topplasering i SBM-Cup i J13.

Bedriftscup i miniatyrskyting vart vunne av Ole Ringdal AS 4. føre Nebbedalen Jakt og Ole Ringdal AS 1. Gisle Aaland testa form til sin fyrste «Birken»- start med fjerde plass i klasse 55-59 i Skardilten, Inge Bjørdal heldt fram som leiar i Sunnylven samfunnshus, og «Gullbryllaupet» i Stranda kommune vart avlyst.

Mellom Hellesylt og Geiranger gjekk det «rasferje», HT Bygg Hellesylt jobba med utviding av Geiranger Fjordsenter, og ved Vardejuvet i Berga mellom Frøysa og Hole vart det planlagt vegutbetring.

Cruiselista til Stranda Hamnevesen KF viste mange båtanløp til sommaren2015, og sanitetsdamene gjorde klare sine fastelavnsris for sal, ei god inntektskjelde for Sunnylven sanitetslag.

Mars

Arbeidet med Hellesylt Boutique & Bar starta opp, i kyrkja framførte Joyful påskemusikalen «Har du hørt det», Kjell Oddvar Frøysa vart samlagsmeister felt, og Dalarane serverte knallbra underhaldning på grendakvelden.

Flo Eigedom, Stryn kjøpte Hægstad Gård og Jan S. Storstein blei styreleiar i Peer Gynt Galleriet. Planlegging av Hellesyltdagane 2015 kom i gong for fullt. Sjå reklamefilm med Dennis Storhøi: https://www.hellesylt.info/2015/04/dennis-storhei-som-peer-gynt/

Sunnylven skulekorps hadde øvingshelg saman med Skodje skulekorps på Hellesylt, og Sunnylven IL får ein ny Birkebeinar i Gisle Aaland som legg bak seg dei 54. km. frå Rena til Lillehammer på 3. 38.36 og langt under merkekravet. Hans Kristian Stadheim gjekk til sitt tiande merke på 2.56.57.

Ved Sunnylven omsorgssenter starta arbeidet med montering av brannsikringsanlegg og pårørandeforeininga står på i kravet om eigen kokk ved institusjonen.

Trygve Aaland Tryggestad tek sølv i NM skifeltskyting og Storfjordens Venner startar arbeidet restaurering av huset på Kurlå.

Emilie Brekke gjekk inn til gull på laget frå Sogn og Fjordane SSK under Hovudlandsrennet, og vallistene til dei politiske partia i Stranda til kommunevalet vart presentert.

April

I april var våronna i gong og nye redskap vart demonstrert.
I april var våronna i gong og nye redskap vart demonstrert.

Der Mannschaft vann påskequizen på Peer Gynt Galleriet, og Stranda kommune gav ut brosjyra «Ei kommune å vere stolt av».

Formvac AS på Hellesylt heidra sine tilsette med middag på Villa Norangdal og Magnar Hauge fekk gullklokka etter 30 år som tilsett i bedrifta.

På Hægstad Gård utfører pensjonistar våronn, gruppa Nameless av elevar ved Sunnylven skule deltek på Ungdommens kulturmønstring, og X2Festivalen Avvikla konkurransar i basehopping og elvepadling i Sunnylven. Joyful heldt minikonsert på kyrkjelydshuset og Peer Gynt Galleriet søkjer etter dagleg leiar for sesongen.

På Helset demonstrerer Felleskjøpet Agri og Landbruk Nordvest reiskap for jordbearbeiding, Gamleskulen Aktivitetsmuseum får eitt nytt styremedlem i Roar Folke Ljøen, elles attval.

Sunnylven pensjonistlag og Sunnylen sanitetslag inviterer til Vårtreff, Anne Gausdal blir æresmedlem i Sunnylven sanitetslag.

Kari-Anne Tryggestad Ryste spring halvmaraton i Nice og skiskyttarane avsluttar sesongen med pizzafest på Øcal. Årim og den mobile miljøstasjonen samlar inn miljøfarleg avfall i bygda nok eit år, og damelaget opnar sesongen med siger 2-1 over Spjelkavik.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380