Utvida kaffibar med nye lokale

I romjula opna Hellesylt Boutique & Bar sine nye lokale. Dermed har kaffibaren på Hellesylt meir enn dobla antall gjesteplassar.
Det har blitt svært så koseleg i lokala som Hellesylt Boutique & Bar tok i bruk no i romjula. Nokre små detaljar som montering av lampar og muring av ein peis står igjen, men elles var lokalet pynta for jul og med solide møblar i eldre stil. Også ei heilt ny toalettavdeling er ferdig i ein kaffibar som har auka antall plassar frå ti-tolv til førti.
Eigar Ellen Fivelstad er godt nøgd med resultatet. –Eg er ikkje så flink til å forestille meg korleis det skulle bli, men eg synest det vart bra. Vi held ope no i romjula og laurdag 2. januar i denne omgang, og så blir det stengt fram til påske. Snart får vi på plass internett og når vi opnar for sesongen til sommaren håper vi at reisande som ventar på ferja stikk innom for ein god kopp kaffi og litt nyhendesøk på internett.
Hellesylt Boutique & Bar hadde tidlegare midlertidig bruksløyve, men etter at reguleringsplanen for Hellesylt vart godkjent er bruksendring og serveringsløyve permanent. Her får ein kjøpe kaffi i alle smaksvariantar, litt bakevarer, heimelaga sjokolade og nokre bøker, mellom anna «Unge sabotørar».
I samtalen med Ellen Fivelstad kom vi litt inn på korleis det var då ho tok fatt på restaurering og ombygging av den gamle bokhandelen på Hellesylt. Ho tok sine tak med både hakke, spett og slegge for å få grave ut det som i dag har blitt flotte serveringslokale. –Eg var så ivrig at eg grov grøft med halling feil veg, fortel ho og smiler av det.
Men om ho visste kor mykje arbeid det vart, hadde ho starta på nytt?
-Jau så avgjort , eg har ikkje teke styggen av jobben. Og no veit eg alt eg skulle ha gjort når det gjeld planlegging og søknader, ting som eg ikkje visste nok om då vi starta.