Bondelaget med kurs i eigarskifte

Møre og Romsdal arrangerer fagdag med tema Eigarskift. (Illustrasjonsfoto frå arkivet)

Møre og Romsdal Bondelag arrangerer fagdag med tema Eigarskift. (Illustrasjonsfoto frå arkivet)

Planlegging og gjennomføring av eigarskifte, og kva partane kan gjere sjølve på førehand blir i fokus på Møre og Romsdal Bondelag sin temadag på Vestnes 13. februar.

Pressemelding;

Tilsvarande samlingar siste åra har vore så populære at Møre og Romsdal Bondelag på nytt inviterer til samling med tema Eigarskifte i landbruket. Denne gang laurdag 13. februar 2016 kl 10.30 – 17.00 på Vestnes Fjordhotell.

 Advokat Ole Houlder Rødstøl dekker det faglege innhaldet. I det daglege er han partnar i advokatfirmaet Øverbø Gjørtz med kontor i Molde. Han er samarbeidsadvokat for Norges Bondelag, med særlege arbeidsområder knytt til generasjonsskifte, generell forretningsjuss, odelsrett og skatt.

Det blir fokus på:

  • Planlegging av eigarskifte – regelverk.
  • Gjennomføring av eigarskifte – regelverk.
  • Kva partane kan gjere på eiga hand og kva det bør søkjast hjelp til for å unngå gjera feil, m.v.

Målgruppe er i utgangspunktet alle som har tilknyting til garden, både ny og gammal generasjon, som skal inn i eller er inne i ein eigarskifteprosess.

Deltakaravgift kr 455,-  som inkluderer lunsj. Betaling direkte til hotellet ved frammøte.

Invitasjon – sjå også heimeside her: http://www.bondelaget.no/nyheter/velkommen-til-temadag-eigarskifte-laurdag-13-februar-article83176-5079.html

Påmelding innan torsdag 4. februar til Møre og Romsdal Bondelag, tlf 71 20 28 90, mob/sms 41 41 88 71, E-post: more.romsdal@bondelaget.no Heimeside: www.bondelaget.no/moreogromsdal

Samarbeidsadvokat med Norges Bondelag, Ole Houlder Rødstøl, orienterer om regelverk for eigarskifte.

Samarbeidsadvokat med Norges Bondelag, Ole Houlder Rødstøl, orienterer om regelverk for eigarskifte.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380