Bygdarane bur seg på Grendakveld

Den 39. utgåva av Grendakveld med Hellesylt Ungdomslag som arrangør går av stabelen laurdag 19. mars. I år skal Bygdarane innta scena på Sunnylven samfunnshus.
I fjor slo Dalarane til med knakande god underhaldning under den årvisse Grendakvelden på Hellesylt. Publikum i salen lo så tårene trilla og krampa stramma magemusklane. Det var berre så vidt dei orka spekematmåltidet som vart servert etterpå.
Om det går konkurranse i beste program på Grendakveldane mellom dei tre bygdelaga, Dalen, Bygda og Sjøarane, tvilar vi på. Tilstelninga er vel mest for at folk skal kunne kome i lag og hygge seg. Men litt myldring kring hendingar siste året har alltid skapt latterfulle innslag.
Godt program veit vi at også Bygdarane kan få til. For tre år sidan øvde dei berre i to veker i følgje dei sjølve og det vart bra. I år har dei meir tid på seg etter som dei har invitert til fyrste programsamling komande fredag 8. januar på grendahuset. Då blir det mimring og attersyn med filmopptak frå sist Bygdarane var på scena.
-Då kjem vi i rett stemning og myldrar om nytt stoff-, heiter det i invitasjonen til samlinga på Sunnylvsbygda Grendahus fredag 8. januar kl. 20.00