
Det vart servert hockey-pasningar, og go`saker frå grillen då Fjellrosa 4-H hadde aktivitetsdag på Helsetvatnet laurdag.
Fjellrosa 4-H er ein av to klubbar i Stranda kommune, og klubben i Sunnylven har 16 medlemer. I 2015 gjorde tre medlemer seg fortent til den høgaste utmerkinga innan organisasjonen, så til våren dreg Anette Frøysa, Lars Kvam Karbø og Irene Trøen Frøysa til Molde for å motta 4-H plaketten for framragande arbeid med oppgåver og klubbaktivitetar.
Den neste frå klubben som kjem til å få denne utmerkinga er Johanne Tryggestad som er sekretær i styret og inne i sitt siste år som 4-H medlem. I styret har ho med seg Ole Iver Kjellstad som leiar og Ottar Frøysa Hellebostad som kasserar.
Silje Stadheim er klubbrådgjevar A og Ester Kjellstadli klubbrådgjevar B i Fjellrosa 4-H. Nyleg var Silje på inspirasjonskurs i Straumsnes på Nordmøre saman med 20 andre foreldre og 4-H leiarar. Det var nyttig og motiverande, tykte ho.
Fjellrosa 4-H har 16 medlemer i år, men har plass til fleire. Om nokon har lyst å bli med er det berre å ta kontakt, men no hastar det. Snart skal alle bestemme seg for kva oppgåver dei skal arbeide med fram til haustfesten i september/oktober. Utvalet av oppgåver er stort og variert, seier Silje Stadheim.
På Helsetvatnet var 13 klubbmedlemer, leiarar og foreldre samla til uteaktivitetar laurdag. Der vart det spela hockey-kamp, gått på skøyter, grilla, smaka på kanelbollar, kakao og andre gosaker. At det var nær ti minusgrader i lufta gjorde ingen ting. Alle kosa seg og såg fram til neste aktivitetsdag.
