Fekk sjå Olympic Ares

Det vart eit spanande båtbesøk for dei fire yngste klassene ved Sunnylven skule tysdag. Saman med sine lærarar fekk dei kome om bord i oljefartyet Olympic Ares ved Hellesylt kai.
Olympic Ares kom til Hellesylt og i opplag tidleg i desember. Her har dei kaiplass til april i påvente av nye oppdrag. Til så lenge har det vore stille for mannskapet på Olympic Ares og systerskipet Olympic Bibby som også ligg ved Hellesylt kai.
-Her er det greitt å vere, på Hellesylt er det roleg og fredeleg og vi trivast og har det fint, seier kaptein Sven Tore Ask. Dei har gjort seg litt kjende på land og har oppdaga at ved Hellesyltfossen ligg ein koseleg restaurant med kjempegod pizza.
Stor løftekraft
Dei fire skuleklassene vart delt i to puljer og vi slo følgje med fyrste og andre og lærar Inger Marie Bakke.
På kaia vart vi møtt av styrmann Ansgar Kjørslevik frå Averøy som viste rundt og fortalde. Fyrste stopp var det store lastedekket, stort som ei lita fotballbane, men sklisikkert med toppdekke av solide treplankar. På eine sida stod ei diger kran som kunne løfte 250 tonn, på motsett side ei litt mindre med løft på 50 tonn.
Det var kald vind på Hellesylt kai tysdag så opphaldet ute vart kortvarig. Det fyrste elevane fekk sjå inne var ein undervannsfarkost med gripearmar. Den kunne jobbe med inspeksjon og reparasjon av kablar og oljerøyr heilt ned til 3000 meters havdjup, fekk vi oss fortalt.
Høg standard
Det er høge dørstokkar på eit slikt skip, men besøket var av dei spreke så trapper og dørtersklar var inga hindring. Vi skulle oppover i båten til matsal, kjøkken og eit opphaldsrom med Tv. TV-signala på Hellesylt var forresten dårlege, men ein snodig konstruksjon gjorde at dei kunne få inn NRK 1. 2. og 3.
Vi gjekk nye trapper og kom til avdelinga for lugarar, store fine rom, nokre enkle og andre for to, til saman 102 personar kan overnatte på Olympic Ares. Til sist kom vi til styrhuset, rommet der båten blir manøvrert frå, til ei fantastisk utsikt over Hellesylt gjennom glas på alle kantar og med teknisk utstyr over alt. Det var berre å bli storleg imponert av.
Stødig båt
Vi måtte berre få det bekrefta, Olympic Ares var teikna og konstruert av norske ingeniørar og bygd ved Kleven Verft i 2013. Då var neste spørsmål til kapteinen om det er ein stabil sjøbåt, om den var testa i uver. Sven Tore Ask fortalde at dei var i Karibien på oppdrag og på tilbaketuren kom dei i 20-sjø. -Det merkast nesten ikkje, du kunne setje frå deg kaffikoppen kvar du ville utan at den ramla.
På Hellesylt er 11 av mannskapet om bord og i smult farvatn. Vanleg vis er dei rundt 25, men no går det i vedlikehald og difor redusert mannskap.
Båten har faste leverandørar av mat og andre forsyningar. Skulle dei mangle noko får dei kjøpt det på ein lokal butikk. Og like ved kaia ligg kjøtvareprodusenten Ole Ringdal AS. Matlageret er stort og variert, sa kaptein Sven Tore Ask, men kanskje kjem han innom Ringdal AS og spør etter kjekjøt ein av dei første dagane.