Fjerde best i Midt Norsk meisterskap
Kristine Hjellbakk Hole kom på fjerde plass under Midt Norsk meisterskap ved Nordmarka idrettssenter i Surnadal laurdag.
Kristine Hjellbakk Hole, Sunnylven IL er einaste deltakar frå Sunnylven IL under Midt Norsk meisterskap i langrenn for 13 til 16 år. Men Kristine representerte klubben på ein framifrå måte i J14 laurdag då ho vart nr. fire, berre 11.0 sek bak vinnar Louise Ronglan. Dei tre fyrste på resultatlista var frå Trøndelag.
I alt 21 løparar frå Møre & Romsdal og Trøndelag fullførte 4.0 km. klassisk i J14 år. Nest best frå Møre & Romsdal vart Guro Eline Vollan, Tomrefjord IL på 9. plass.
Meisterskapen held fram søndag med 2.0 km. fristil for alle klasser.