Folkemøte på Hellesylt

Tysdag blir det folkemøte om ny kraftleidning frå Hornindal til Stranda og fire småkraftverk i Stranda kommune med presentasjon av planar og orientering.
NVE arrangerer folkemøte på Sunnylven samfunnshus, Hellesylt tysdag 26. januar kl. 19.00. Tema på møtet er planane for ei ny kraftleidning frå Hornindal kommune i Sogn og Fjordane til Stranda kommune i Møre og Romsdal, og fire småkraftverk i Stranda.
NVE har motteke søknad frå SFE Nett AS (Sogn og Fjordane Energi) om konsesjon og oreigningsløyve for ein ny 132 kV luftleidning frå Tomasgard transformatorstasjon i Hornindal til Tryggestad/Litlebø i Stranda. NVE har òg motteke søknad om løyve til å byggje fire småkraftverk i Stranda.
På møtet vil søkarane presentere planane for kraftverka og for nettanlegget i kommunane. NVE vil orientere om sakshandsaminga. Det er ope for spørsmål og diskusjon.
I Stranda er kvar av småkraftsøknadane og søknaden for nettanlegget lagt ut til offentleg ettersyn i to eksemplar på rådhuset i Stranda, hjå Sparebanken Møre i Hellesylt og på Hotell Union i Geiranger. I tillegg er søknaden for nettanlegget lagt ut på kommunehuset i Hornindal.
Sakene ligg òg på NVE sine nettsider, og vil ligge ute fram til høyringsfristen går ut 5. april 2016.