Forfattar Astor Furseth til Hellesylt.

Forfattar Astor Furseth blir å høyre på Sunnylven samfunnshus torsdag 25. februar. (Foto: NRK)

Forfattar Astor Furseth blir å høyre på Sunnylven samfunnshus torsdag 25. februar. (Foto: NRK)

I samband med årsmøtet i Sunnylven samfunnshus kjem forfattar Astor Furseth med kåseriet «Funn i fjella som endra historia».

Forfattar Astor Furseth er vidkjent for sine lokalhistoriske granskingar, spesielt det som gjeld ras og ulukker. Dessutan er han ein svært dyktig pedagog som gjer dette stoffet ekstra levande og interessant å høyre på.

I dette kåseriet fortel han om funn som er gjorde, til dømes bogestelle, men også andre funn generelt og i nærområdet til Sunnylven og Stranda. Det blir også høve til å kjøpe av bøkene hans.

Astor Furseth er fødd i Sykkylven i 1940. Frå 1978 har han vore busett i Valldal og gjeve ut ei rad bøker og anna fagliteratur. Det har blitt referanseverk om rovdyr i Norge, men spesielt har skredproblematikk og skader av ras og flodbylgje oppteke og blitt sett på trykk av den tidlegare tannlegen.

Furseth har samla mykje fakta om skredulukker og gjeve ut i bokform, mellom anna i «Skredulukker i Norge». «Dommedagsfjellet» er ei anna bok der Tafjordulukka i 1934 blir omtala, om ulukkesnatta og dagane etter, men også Åknes/Tafjord-prosjektet er med i eit større kapittel.

Etter årsmøtet i Sunnylven samfunnshus torsdag 25. februar kåserer Astor Furseth om historiske funn som er gjorde i fjella i Norge, også i Sunnylven og Stranda.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380