Lokalnytt

Forhandlar om grunnkjøp i Ringdalsåsane

I framkant av bolighusa i Solvegen, i furuskogen er det nye boligfeltet tenkt.
I framkant av bolighusa i Solvegen i furuskogen er det nye boligfeltet tenkt.

Det er fleire som har vist interesse for å etablere seg og bygge i bustadfeltet Reset på Hellesylt. No forhandlar kommunen om utviding for nye tomtar.

Det er få byggeklare tomtar igjen i byggefeltet i Hellesyltåsane. Framleis er der nokre i området Solvegen, men desse består mest av fjell, er bratte og ikkje av dei mest attraktive og beste å bygge på.

Plan –og utviklingssjef Steinar Belsby opplyser at kommunen no forhandlar om kjøp av grunn lenger nede i område i tilknytning til tidlegare byggefelt. Arealet det er snakk om har godkjent reguleringsplan, og vil få inntil ti boligtomter. Også her er det mykje fjellgrunn, men noko flatare terreng, solvendt og fin utsikt til fjorden og Hellesylt sentrum, seier Belsby.

Forhandlingane med grunneigarane har drege litt ut, men samtalane har vore positive, så Belsby håper og trur det går mot semje om grunnkjøp og nye byggeklare tomter i Hellesyltåsane om ikkje alt for lenge.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380