Gode sunnylvingar i Ullsrennet

Deltakarar i Ullsrennet laurdag. Frå venstre Kasper, Inger, Kristine, Lone, Anniken. (Foto: Asle Ringdal)

Deltakarar i Ullsrennet laurdag. Frå venstre Kasper, Inger, Kristine, Lone, Anniken. (Foto: Asle Ringdal)

Ullsrennet/SSF-cup vart arrangert på Ullsheim skistadion laurdag med Markane IL som arrangør. Seks deltakarar frå Sunnylven IL stilte til start og gjorde det skarpt.

Rennet på Ullsheim laurdag 9. januar gjekk i friteknikk og trass i lite snø under brukbare forhold. Sunnylven IL fekk to klassesigrar i rennet ved Inger Ringdal Sæter i J16, og til Anniken Hjellbakk Hole i kvinner senior. Kristine Hjellbakk Hole vart nr. to i J14, Kasper Ringdal nr. 6 i G14 ei klasse med 16 deltakarar, Lone Ringdal kom i mål til 10. plass i J11, og Elisas Helset vart nr 9. i G11.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380