Lokalnytt

Ikkje store «Tor»-skadar

I samband med at treet hadde knekt av vart TV-kabelen til Omsorgssenteret også øydelagt. Kabelen er no reparert.
I samband med at treet hadde knekt av vart TV-kabelen til Omsorgssenteret også øydelagt. Kabelen er no reparert.

Ekstremveret «Tor» råka for fullt i Sunnylven rundt klokka 17.00 fredag kveld. Men denne gongen vart bygda spart for store øydeleggingar.

Mange huska med skrekk besøket av «Dagmar» i romjula 2011. Då vart mellom anna kunstgrasdekket på heile Hellesylt stadion øydelagt, Hellesylt Camping og området kring såg ut som ei krigssone, og i tillegg vart resultatet mykje stormfelt skog og andre mindre øydeleggingar. Fredag frykta mange det skulle bli nye store skadar då det var varsla vindstyrke opp i orkan.

Så gale gjekk det ikkje. Som bileta viser gjorde «Tor» berre små øydeleggingar sjølv om vindkasta var heftige nok.

I ballbingen har vinden ruska i deler av kunstgrasdekket.
I ballbingen har vinden ruska i deler av kunstgrasdekket.

På Hellesylt knakk eit tre og øydela TV-kabelen til Sunnylven omsorgssenter. Denne er reparert og TV-bileta er tilbake som normalt. I ballbingen ved Sunnylven skule har deler av kunstgrasdekket krølla seg, og ei fiskarhytte ved Fløtehølen i Korsbrekkeelva har mista taket. Ei campingvogn og fleire tre har også velta i stormkasta, men andre større skadar har vi ikkje registrert.

Og bortsett frå tre korte straumbrot var el-forsyninga i Sunnylven inne under heile ekstremveret. Godt levert av Stranda Energi.

Campingvogn

Fiskarhytte

Alle foto: Gunnar S. Fivelstad.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380