Klart for Sunnylvscup på ski

 Langrenn 1

Onsdag er det Sunnylvscup på ski. Rennet går i fristil.

Endeleg kom det nok snø til å arrangere renn i Sunnylvscup på ski i Hyttehola. Onsdag 20. januar er det klassevis fellesstart i fristil, utan tidtaking kl. 17.30, med tidtaking kl. 18.30.

Som vanleg under cuprenna er det open kiosk. For dei som deltek for fyrste gong denne sesongen, husk kr. 100.- i startkontingent. Beløpet gjeld for alle renna.

Eventuelle spørsmål, ring Hans Hole mob. 416 95 602, eller Gisle Aaland, mob. 934 80 833.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380