Lokalnytt

Kurs i Sykkelturisme

Knut O.K. Hole kjøpte fem El-syklar i fjor og satsar på fem til i år. Her i midten saman med dagleg leiar ved Peer Gynt Galleriet Monica Rødstøl og Vidar Flo, Stryn.
Knut O.K. Hole kjøpte fem El-syklar i fjor og satsar på fem til i år. Her i midten saman med dagleg leiar ved Peer Gynt Galleriet Monica Rødven og Vidar Flo, Stryn.

Knut O.K. Hole på Hellesylt starta sitt enkeltmannsforetak og kjøpte inn fem El-syklar. Til våren blir sykkelparken dobla frå fem til ti.

Saman med fem syklane kjøpte Knut O.K. Hole i fjor også to sykkelvogner for transport av små barn eller utstyr.

Den pensjonerte bussjåføren og bonden har leita etter eit høveleg lokale for oppbevaring og utleige av El-syklane og no ser ut til å orden seg. –Eg har lyst til å skape noko for turistar og fastbuande på Hellesylt og håper sjølvsagt at dei vil nytte seg av tilbodet, seier Hole som har meldt seg på kursdagen om sykkelturisme i Storfjordområdet. Det blir arrangert på Stranda 17. februar.

Her er informasjon om kursdagen på Stranda Hotell;

Dato: 17. februar, 2016

Stad: Stranda hotell

Målsetjing:

  • Setje sykkelturisme meir på kartet i vårt område
  • Få i gang satsingar med gründarar som kan skape arbeidsplassar for seg sjølve og ev. andre
  • Skape tilbod inn mot turist- og cruisenæringa for å tiltrekkje oss fleire besøkande
  • Få til ei betre organisering /samhandling og tilrettelegging av sykkelturisme i området
  • Fremje folkehelsa

Påmelding: Vi må ha påmelding til arrangementet av omsyn til servering må alle som vil delta  melde seg på til: Inge Bjørdal. E: inge.bjordal@stranda.kommune.no. Mob:  464 11 023.

Frist, påmelding: Fredag 12. februar.

Program sykkelsatsing i Storfjordområdet

1030-1045: Velkomst og kort orientering om bakgrunnen for arrangementet v/næringssjef Inge Bjørdal

1045-1130: Kvifor satse på sykkelturisme – og suksesskriterium for å satse på sykkelturisme v/dagle leiar Rolf E. Akselsen, Stiftelsen Sykkelturisme

1130-1150: Fylkeskommunen si rolle i ei satsing på sykkelturisme v/rådgjevar Lillian Sæther Sørheim, MR Fylkeskommune, Regional- og næringsavd.

1150-1215: Idear om sykkelsatsing og verdien av dette for turistnæring v/sals- og marknadssjef Randi Ansok, Stranda hotell

1215-1245: Servering og beinstrekk

1245-1315: Statens vegvesen si rolle i tilrettelegging for sykkelturism v/sykkelkontakt Bjørn Thomas

Brustad Melhus, Statens vegvesen, Plan- og trafikkseksjonen M&R

1315-1345: Suksessfaktorar for satsing på sykkelturisme v/seniorkonsulent Synnøve Elisabeth Aabrekk, NCE Tourism

1345-1400:Uteguiden – ein aktør som alt er på banen i område v/Oscar Almgren, Uteguiden/ Stranda

Fjord Trail Race

1400-1445 Open sesjon der interesserte kan stille spørsmål til innleiarane Panel: Stiftelsen

Sykkelturisme, M&R Fylkesk., NCE Tourism, Uteguiden, SVV, NCE

1445-1500: Pause med frukt

1500-1530: Oppsummering /diskusjon og vegen vidare

Born få Sunnylven Barnehage fekk låne både syklar og vogn på tur i fjor. Det var kjekt tykte dei.
Born få Sunnylven Barnehage fekk låne både syklar og vogn på tur i fjor. Det var kjekt tykte dei.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380