Kveldstreff i Frøysadalen
Trimgruppa i Sunnylven IL inviterer til trimtreff i mørket onsdag 13. januar. Turen går i Frøysadalen.
Det er lova fint vinterver også dei fyrste dagane og då nyttar trimgruppa i Sunnylven IL høvet til å invitere på ein flott kveldstur frå Frøysa til Frøysadal og tilbake. Det er bar grusvegen heilt fram til registreringspunktet ved brua i Frøysadal. Registrering skjer mellom kl. 18.00 og 18.30.
Bilen kan ein parkere ved brua eller i klyngetunet på Frøysa. Om ein ikkje vil gå bakkane i starten på den ca. 3.0 km. lange turen kan ein køyre bil eit stykke til, skriv trimgruppa.
Ta med haudelykt eller lommelykt. Premierte blir trekt mellom deltakarane.