Langrenn i Sunnylven avlyst

Grunna snømangel og ingen utsikt til snø i nær framtid har skigruppa i Sunnylven IL avlyst rennet i Hyttehola 10. januar.

Grunna snømangel og ingen utsikt til snø i nær framtid har skigruppa i Sunnylven IL avlyst rennet i Hyttehola 10. januar.

Grunna snømangel er Sunnylvsrennet 10. januar avlyst. Rennet var også 3. renn i SBM-cup. Også Sunnylvscup på ski 6. januar er utsett.

Vinteren med snø og skiføre let vente på seg for Sunnylven IL. Dermed må skigruppa avlyse det terminfesta landsrennet i Hyttehola 10. januar. Konkurransen talde også som tredje renn i Sparebanken Møre Cup 2015/2016. Ei veke før rennet har ikkje Møre & Romsdal skikrets andre arrangørar som kan overta . Om rennet blir arrangert seinare i vinter i Sunnylven eller ein annan stad er ikkje klart.

Sunnylvscup utsett

Skigruppa i Sunnylven IL melder også at andre renn i Sunnylvscup på ski som skulle gå onsdag 6. januar blir utsett. Ny dato blir kunngjort når snøen kjem.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380