LokalnyttLokalsport

Leiar Sparebanken Møre Cup

Poengsankarar i Sparebanken Møre Cup, frå venstre Anniken, Kristine og Inger.
Poengsankarar i Sparebanken Møre Cup, frå venstre Anniken, Kristine og Inger.

Etter to teljande renn har Kristine Hjellbakk Hole, Sunnylven IL 200 poeng og leiar Sparebanken Møre Cup i klasse jenter 14 år.

Både under Trollstigen Opp og i Romjulsrennet vart det siger for Kristine Hjellbakk Hole frå Sunnylven IL. På dei to renna sanka ho seg 200 poeng. På andre plass så langt ligg Guro Eline Vollan, Tomrefjord IL med 160 poeng.

I jenter 16 år er Inger Ringdal Sæter, Sunnylven IL på andre plass, men med same poengsum som Vilde Lorgen Øvrebust, Stordal IL. Begge har 160 poeng.

Seniorløpar Anniken Hjellbakk Hole, Sunnylven IL har delteke i eit SBM-cuprenn, Romjulsrennet som ho vann. Vinnar av same klasse i Trollstigen Opp, Aslaug Aardalsbakke Nedrebø, Åndalsnes IL deler fyrsteplassen med Anniken. Begge har så langt 100 poeng.

Ni renn gjenstår av Sparebanken Møre Cup 2015/2016. Det tredje rennet skulle gå i Sunnylven 10. januar, men vart avlyst grunna snømangel. Dei neste blir arrangert av Torvikbukt/Osmarka, Tomrefjord IL og Eidsdal IL, om der er snø då…

Premierte må ha delteke i minst fem renn, og poengsum frå dei sju beste blir registrert. Poengskalaen er; 1pl.-100, 2pl.-80, 3pl.-60, 4pl.-50, 5pl.-45, 6pl.-40, 7pl.-36, 8pl.-32, 9pl.-29, 10pl.-26, 11pl.-24, 12pl.-22.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380