Liten prisauke på turistferja
Det blir uendra rutetider for turistferja mellom Geiranger og Hellesylt. Billettprisane aukar med rundt 2-3 prosent komande sesong.
Søndag 1. mai startar The Fjords opp den populære turistferjeruta på Verdsarvfjorden mellom Geiranger og Hellesylt. Selskapet stadfestar at då er «gamle», gode Bolsøy på plass og skal gå fire turar dagleg fram og tilbake som tidlegare år. Frå 1. juni kjem også Veøy tilbake og går i ruta ut august.
Siste dag for turistferja mellom Hellesylt og Geiranger blir i følgje rutetabellen fredag 30. september.
Billettprisar
Når det gjeld billettprisane blir det berre ein liten auke i år, rundt 2-3 prosent. Ein billett for vaksen person aukar frå 245.- til 250.-, for ein privatbil frå 490.- til 505.-. For buss mellom 14.0 og 17.0 meter blir billettprisen 1.500.- kroner mot 1.460.- i fjor.
I 2015 vart billettprisane skrua opp med over 50 prosent, men auken slo ikkje ut i mindre trafikk. Sesongen vart god i antall passasjerar og bil/bussar, og spesielt i september avslutta det godt med mange reisande frå Asia.
Sjå oversikt over rutetider og billettprisar under «Turistferja mellom Hellesylt og Geiranger».