Pål Angelskår band til Ljøen

Pål Angelskår blir å høyre under utekonsert på Ljøen i juli. (Skjermdump)

Pål Angelskår blir å høyre under utekonsert på Ljøen i juli. (Skjermdump)

Musikar og forfattar Pål Angelskår med band blir artistar under utekonserten på Øvre Ljøen i juli.

Vertskapet på Øvre Ljøen gard satsar på ny utekonsert i naturamfiet på Øvre Ljøen 10. juli, siste dag under Hellesyltdagane.

I fjor og som avslutning på Sommardagar på Hellesylt vart det halde konsert med trubadur Egil Olsen på same stad. Det vart ein fultreffar med 160 frammøtte i det naturskapte amfiet like inn til gardstunet på Øvre Ljøen.

-No satsar vi på nytt, fortel Ole Hjalmar Bonsaksen som er vetskap på det brattlente bruket saman med foreldra Bente og Frank. Og det er kvalitet over det dei har hyra inn til konserten 10. juli. Frå Oslo kjem musikar og forfattar Pål Angelskår, kjent som vokalist, gitarist og låtskrivar med bandet Minor Majority.

Det har blitt mange kjente og prisbelønna låtar frå Angelskår og band opp gjennom det siste ti-året. Låtar som «Dancing in the backyard» og «She Gave Me Away» har fått store tilhengarskarar over heile Europa, spesielt i Frankrike. I 2006 vann Minor Majority spelemannsprisen i kategorien «beste popgruppe» med plata «Reasons to Hang Around».

Angelskår har lova å spele songar både frå bandet sine låtar og eige solomateriell undet konserten på Ljøen. Billettsalet startar 1. mars til utekonserten 10. juli klokka 18.00.

Sjå og: www.bonseye.org

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380