Postvegen på turnettstad

Ein tur etter Postvegen over Brekka frå Herdal til Ljøen gjev mektige og minnerike naturinntrykk.

Ein tur etter Postvegen over Brekka frå Herdal til Ljøen gjev mektige og minnerike naturinntrykk.

På nettstaden www.morotur.no er ulike turalternativ, til fots, på sykkel eller på andre måtar beskrive, også ein tur etter den Trondhjemske Postveg over Ljøbrekka.

Ljøbrekkas Vener har arbeid i gong med utbetring av den flotte turvegen frå Ljøen til Herdal. Det kostar pengar og venneforeininga er avhengig av gåvemiddlar både frå det offentlege, bedrifter og frå private.

Frå leiaren i styret for Ljøbrekkas Vener, Petter Hjørungdal er det kome denne orienteringa i dag 15. januar;

-I dag vart spelemiddelsøknadene for 2016 leverte. No står det att å skaffe nok pengar. Vi er i kontakt med næringslivet og vonar på god respons der. I tillegg har vi som mål å samle inn 50 000 kr frå private. Aksjonen før jul gav ein del kroner, men framleis treng vi ein god del. Folk gav summar frå 1000 kr og nedover, og det var bra. Utbetringa av vegen over Ljøbrekka har fått mange godord, og no står det att at fleire ikkje berre prisar arbeidet, men og støttar prosjektet med pengar.

Målet må vere at alle som går over Ljøbrekka, kan seie. -Eg har ytt pengar til dette flotte prosjektet, så eg er medeigar-. Difor, innan midten av februar, vonar vi det kan føre til at svært mange har gjeve pengar til prosjektet, for då er det stor sjanse for at vi kjem i mål med finansieringa også i år. Snakk med vener og kjenningar, og så gjer vi ein skikkeleg dugnad i lag. På førehand takk til alle!-

Sjå: http://mrfylke.no/Morotur/Turar/Den-Trondjemske-postvei-Herdalsbrekka-Ljoebrekka

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380