Lokalnytt

Sangsvaner på Helsetvatnet

Sangsvaner på Helsetvatnet, godt kjenneleg på nebb og hals.
Sangsvaner på Helsetvatnet, godt kjenneleg på nebb og hals.

I alt 14 sangsvaner var landa på Helsetvatnet søndag. Kor lenge dei blir er usikkert, for vatnet frys til i kulden.

Aldri har vi sett så mange sangsvaner raste samstundes på Helsetvatnet. I helga var der heile ti vaksne og fire ungfuglar som kosa seg med dukking i vatnet etter mat, eller berre slappa av og «brusa» litt med fjørprakten oppe på isen som hadde fryse på i løpet av natta.

Ut på søndag letta heile flokken, eit sjeldan og imponerande syn å sjå dei store fuglane flyge syngjande avgarde. Med kurs for Hellesylt såg det ut til at dei forlot Sunnylvsbygda og Helsetvatnet for denne gongen. Men litt seinare kom dei tilbake, gjorde ein sving og landa på vatnet igjen.

Det vart berre ein frisk luftetur denne gongen. På den islagde delen av vatnet slo dei seg til, stakk hovudet inn under fjørprakta og med det senka søndagsroa seg…

Noe av sangsvanene leita etter mat, andre tok live med ro oppe på isen.
Nokre av sangsvanene leita etter mat, andre tok livet med ro oppe på isen.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380