
Kristine Hjellbakk Hole sikra seg sigeren med minst mogleg margin i sonerennet som Liabygda IL og Stordal IL arrangerte søndag.
Grunna snømangel måtte Liabygda IL og Stordal IL sitt sonerennet i langrenn flyttast frå Stavsengfjellet til Langsætra på Overøye i Stordal. Vel 60 løparar frå 8 år og yngre til senior stilte til start.
Mellom dei var fem frå Sunnylven IL, og der gjorde Kristine Hjellbakk Hole det aller best med siger i jenter 13 og 14 år. Men sigeren over 3.0 km. fellesstarten i fristil var minst mogleg. I mål var ho eitt sekund føre Lone Lorgen Øvrebust, Stordal IL. Det vart nok for lite bakkar for Kristine i løypene på Langsætra.
Elias Helset i gutar 11 og 12 år gjekk 2.0 km. og vart nr. 5. av ni deltakarar. Kasper Ringdal går i gutar 15 og 16 år og vart nr. 3 på 6.0 km. På same distanse måtte Inger Ringdal Sæter i jenter 15 og 16 år sjå seg slått av Vilde Lorgen Øvrebust, Stordal IL.
Andre plass vart det også på Inga Elise Vik, bak Martine Lorgen Øvrebust, Stordal IL i damer 17 år og eldre som gjekk 9.0 km.